Ein ny smitta

Ein person har testa positivt på korona. Personen har milde symptom.
 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Tilfellet er knytt til kjent smitte i Ålesund og personen var allereie i karantene. Smitteteamet har kartlagt 15 nærkontaktar som får karantene og blir testa. Ein del av nærkontaktane bur i Ålesund. Giske kommune samarbeidar med smitteteamet der.

Førebels analyse tyder på at det er eit mutert virus, men det er usikkert kva variant det er.

I tillegg har ein person testa positivt på hurtigtest i grensekontrollen på Vigra. Personen er i isolasjon ved isolasjonshotell i Ålesund.

Virusanalyse frå utbrotet Giske/Godøy i veke 12-13 viser at det sannsynlegvis var britisk mutant.