Ein ny positiv covid-19

Ei kvinne med tilhald i Giske har fått påvist Covid-19. Kvinna, som er utanlandsk statsborgar, har vore testa to gonger. Første testen var negativ, men ho har no testa positivt.

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete 

Kvinna har vore i karantene og har hatt svært lite kontakt med andre på arbeidsplassen og  lokalt. På arbeidsplassen vert det no gjennomført tiltak med mellom anna testing av nærkontaktar og testing av kontaktar av nærkontaktane. 

Kommuneoverlege i Giske,  Anne-Line Sommerdalen, har stor tillit til at arbeidsgjevaren gjennomfører alle nødvendige tiltak, og trur ikkje dette tilfellet har noko med tidligare positive prøver i kommunen å gjere.

  • Likevel, alle positive prøver er ei påminning til oss alle om kor viktig det er å fylgje dei smittevernråda som er gitt. Vask hender, hald ein meters avstand og la deg test om du har symtom, seier Sommerdalen.
  • Skal vi halde kontrollen er det viktig at alle tek smittevernet på alvor og har lav terskel for å halde seg heime dersom ein kjenner symtom, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen i Giske kommune.