Indisk mutant i Giske

Eit tilfelle av det indiske-muterte korona-viruset er oppdaga i Giske kommune.
 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Personen kom til Giske frå utlandet i veke 15. Vedkomande vart testa positivt ved innreise og straks sett i isolasjon. Seinare analyser viste at vedkomande var smitta av den indiske varianten av Covid-19.

Det er no over ti dagar sidan personen avla positiv test, og ingen ting tyder på at smitten er ført vidare til andre. 

  • Rask testing og isolasjon gjer at vi meiner at vi har denne situasjonen under kontroll, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen i Giske. – Den smitta vart svært raskt sett i isolasjon og hadde ikkje kontakt med andre.