Framleis viktig å teste seg!

Testing for koronavirus, hurtigtest eller PCR test? 

 

Det er framleis viktig å teste seg ved symptom, også milde symptom

  • Hugs at ein kan få milde symptom når ein er vaksinert
  • Vaksinerte kan også bli smitta og smitte andre – ta ein test ved symptom

Test gjerne fleire dagar viss symptoma ikkje gir seg – den fyrste negative testen kan vere feil.

Viss du har mistanke om at du er smitta med koronaviruset, men har negative hurtigtestar – vurder å bestille time til PCR-test ved teststasjonen i tillegg.

Ved å påvise smitte så raskt som mogleg er ein med på å bremse spreiinga av koronaviruset – vi vil unngå at for mange blir smitta på ein gang.

Ved milde symptom kan vil ein telje dei seks dagane i isolasjon frå fyrste positive test – det vil difor kunne korte ned isolasjonstida å få tatt test raskt.

Informasjon frå Folkehelseinstituttet om symptom på koronavirus:

Covid-19 har ofte følgende symptomer

  • Feber
  • Hoste
  • Tung pust
  • Tap av smak- eller luktesans
  • Sår hals
  • Hodepine
  • Muskelverk eller sykdomsfølelse
  • Vaksinerte personer kan få milde forkjølelsessymptomer som tett eller rennende nese og nysing ved covid-19.

Meir råd om kva ein gjer ved symptom her:

https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/hva_skal_du_gjore_ved_nye_luftveissymptomer/