Fire nye smitta

Fredag ettermiddag har Giske kommune fått melding om at det er tre barn ved Valderøy barneskule som er smitta i tillegg til ein ungdmom ved Giske ungdomsskule. Dei har alle testa positivt på hurtigtest. Smitte er knytt til utbrotet ved Gnist barnehage Nordstrand.

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Avdeling for smittevern er i gang med å planlegge testing for å følge opp dette.

Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen og beredskapsleiinga har vurdert nivået på skulane og har førebels bestemt at det framleis skal driftast på grønt nivå.

 - Vi går for den nye strategien lansert av FHI med "jevnlig testing" som metode for å halde kontroll på smittespreiinga. Planen er at dei fleste skal utføre testinga som heimetest med opplæring og bistand frå teststasjonen, seier kommuneoverlege Sommerdalen.

Lenke til informasjon FHI: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/testing-og-oppfolging-av-smittede/jevnlig-testing/

Beredskapsleiinga og kommuneoverlegen følger kontinuerlig med på smittesituasjonen i kommunen og vil sette i verk nødvendige tiltak når det er behov for det.