Fem smitta etter besøk på Toldboden

Det er meldt om ein ny smitta, også denne knytt til Toldboden i Ålesund. Det er ikkje registrert nærkontaktar i lokalbefolkninga i Giske i dette tilfellet.

Klikk for stort bilete 

Totalt har fem personar i kommunen blitt smitta på restaurant Toldboden i Ålesund og eitt sekundærtilfelle som var husstandsmedlem til den eine smitta. Mange har vore i karantene og ventekarantene, men så langt er det stort sett negative testsvar.

Til helga er det to veker sidan hendinga ved Toldboden. Eventuell sekundærsmitte som har skjedd "under radaren" vil kunne vise seg i løpet av denne veka. Kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen minner om at det framleis er veldig viktig at mange testar seg for å halde kontroll på smittespreiinga.