Fem nye smitta

Laurdag kveld vart det meldt om fem nye positive koronaprøver i Giske kommune. 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Ein positiv hurtigtest på ein nærkontakt. Det er kjent smitteveg og smitten er Ikkje generert til fleire nærkontaktar.

Ein positiv hurtigtest av ein tilsett i ein barnehage i kommunen. Eitt barn som er tilknytta same barnehage og to andre i same familie har testa positivt. Det er utført smittesporing og nærkontaktar er informert.

Giske kommune minnar om at teststasjonen er open søndag frå kl 13.30 – 15.00.