Ein tilsett ved omsorgssenter er bekrefta smitta

Ein tilsett ved Giske omsorgssenter (GOS) har fått påvist koronasmitte med hurtigtest. Det er kjent smitteveg, personen er ikkje smitta på arbeidsplassen.
 

Ein tilsett ved omsorgssenter er bekrefta smitta - Klikk for stort bilete

 

Det blir no gjort ei grundig kartlegging av nærkontaktar. Alle nærkontaktar får direkte beskjed og blir sett i karantene.

Husstandsmedlemmane til nærkontaktar får ventekarantene som gjeld fram til nærkontakten har testa negativt.

Alle brukarar ved ei avdeling ved GOS blir testa og er sett i karantene.

-  Ein del av dei tilsette og brukarane har heldigvis fått koronavaksine. Vi håper at vi ved hjelp av forsterka TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene) og effekt av vaksinen vil hindre vidare spreiing av viruset. Det seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.