Ein person har testa positivt på korona. Personen har milde symptom.
Tilfellet er knytt til kjent smitte i Ålesund og personen var allereie i karantene. Smitteteamet har kartlagt 15 nærkontaktar som får karantene og blir testa. Ein del av nærkontaktane bur i Ålesund. Giske kommune samarbeidar med smitteteamet der.
Førebels analyse tyder på at det er eit mutert virus, men det er usikkert kva variant det er.
I tillegg har ein person testa positivt på hurtigtest i grensekontrollen på Vigra. Personen er i isolasjon ved isolasjonshotell i Ålesund.
Virusanalyse frå utbrotet Giske/Godøy i veke 12-13 viser at det sannsynlegvis var britisk mutant.
Publisert 13.04.2021 08.44