Alle testa negativt

Alle bebuarar og tilsette som har testa seg etter at ein person fekk påvist koronasmitte på Giske omsorgssenter (GOS) har testa negativt.

 

Dette vart klart tysdag ettermiddag. Drifta kan dermed gå tilbake til slik den var før det vart oppdaga smitte ved ei av avdelingane. 

Det skal framleis brukast munnbind der ein ikkje kan halde to meters avstand, dette gjeld også alle besøkande. Dette er nasjonale retningsliner som gjeld fram til og med 11. april.

Det er framleis veldig viktig at alle besøkande registrerer seg. Dette for å gjere smittesporing lettare dersom det skulle oppstå smitte igjen.

"Eg vil takke alle for ein flott innsats den siste halvannan veka. Det er særs godt jobba både med hygiene og smittevern", seier fungerande kommunalsjef Gretha Giske.