33 smitta

33 smitta i veke 50.

 

Førre veke er det bekrefta 33 nye smitta i Giske kommune. Det er også fleire hurtigtester som er meldt positive, men disse er ikkje bekrefta med PCR test endå. 

23 av dei som er bekrefta smitta er nærkontakter med kjent smitteveg. 8 er smitta har ukjent smitteveg. 

2 er påvist smitte ved innreise begge disse har sannsynligheit for omikron. Ein av disse er tilknytt Gnist Nordstrand barnehage som tidlegare meldt. Det andre tilfellet blei meldt i dag. 

Vi ventar PCR svar på masse testing av Gnist Nordstrand barnehage, forventar svar i løpet av tysdag og onsdag denne veka. 

Det blei også utført testing av nokre avdelingar ved Myra og Daggry barnehage i går på grunn av smitte i barnehage.