14 smitta totalt – ver! på vakt

Denne veka har vi sett ei klar auke i talet på korona-tilfelle  i Giske. Fredag formiddag var det samla talet for dei to siste vekene 14. Dette betyr eit betydeleg press på både teststasjonane og ikkje minst på smittsporingsteamet. Det som no er svært viktig er at alle tek smittefaren på høgste alvor, og sjølv tek ansvar for ikkje å utsette seg for unødvendig risiko.

Ei hand med blå hanske som held eit blodprøveglas. Lilla koronavirus i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete

 

Hald avstand i sosiale situasjoner, følg smittevernreglane.

Auka smittepress betyr og at beredskapsleiinga må vurdere om det vert nødvendig å sette inn lokale tiltak. Dette er noko som påverker kvardagen og arbeidsplassane til mange, og som ein helst vil unngå. Difor er det heilt avgjerande at ein får smittetala ned raskt.

Siste utbrotet har lært oss at det slett ikkje er sikkert at ein korona-smitta vert særleg sjuk. Fleire har blitt testa positive, men har hatt svært milde symptom. Det er difor veldig viktig at alle som har mistanke om at ein har vore utsett for smitte melder seg for testing.

Ein felles innsats no kan gjere at hausten blir bra for alle.
 

Her er lenke for bestilling av time til testing: c19.no