Stipendordning for studenter innan sjukepleie og vernepleie

Klikk for stort bilete Giske kommune tilbyr 8 stipend à kr. 30 000,- årlig til studentar innan sjukepleie eller vernepleie som skal begynne på eller er i 2 studieår eller i fyrste semester 3 studieår. Avtalen gjeld for 1 år i gongen, og stipendet vert utbetalt som eit eingongsbeløp når avtaleperioden er over.

Søk stipend ved å følgje lenka under. Vi behandler innkomne søknader fortløpande.  https://www.giske.kommune.no/sd/skjema/GKO078/   

Vilkår for ordninga:

  • du må binde deg til å arbeide i heil stilling i 5 veker i hovudferien (juni til august), og minimum 10 helgar i året. 2-3 av helgane må vere i hovudferien.
  • det er ikkje mulig å inngå avtale for deler av ordninga.
  • om du arbeider 6 veker i heil stilling i løpet av hovudferien får du kr. 10 000,- i tillegg.
  • løn etter tariff + kr. 20 000,- over minsteløn for dei som har fullført og bestått 1. studieår. Dei som har fullført og bestått 2. studieår får kr. 30 000,- over minsteløn.
  • ved brot på avtalen fell stipendet bort. Ved alt fråvær må vaktene jobbast inn igjen.
  • om du slutter på studiet fell stipendet bort.
  • om du allereie er tilsett i Giske kommune, enten fast eller som vikar, vil faste helgar i turnus telje med. Dei 5 vekene i hovudferien må arbeidast, så ferien din må tilpassast avtalen og arbeidsgivar sitt behov. Du kan avvikle eigen ferie mellom 01.06 t.o.m 30.09.
  • om du er tilsett i Giske kommune og slutter før avtaleperioden er ute fell stipendet bort.
  • arbeidsgivar tildeler arbeidsplass etter behov.
  • Fadderordning ved avtale om helg.

 

Ved tildeling av stipend legg vi vekt på at du :

  • god munnlig og skriftleg framstillingsevne.
  • har evne til samarbeid og fleksibilitet.
  • er stabil og pålitelig.
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • digital kompetanse.

 

Søk stipend ved å følgje lenka under. Vi behandler innkomne søknader fortløpande. 

Søk stipend her: