Skaparglede i sløydsalen

Arrangement

På tysdag opna Giske oppvekstsenter dørene sine og viste fram sin «Skaparverkstad» kor digital kreativitet blomstrar.

Den gamle sløydsalen på skulen har blitt gjort om til eit «high-tech labratorium». På dei gamle benkane koplast det diodar og kretskort. Giske kommune sitt slagord «historisk og framtidsretta» har vel aldri vore meir treffande.

Giske 8 - Klikk for stort bilete

Eit paradis

- Sjå! Eg har bygd ein løgndetektor, fortel ein lyslugga gut medan han held fram ein dings som blinkar raudt.

- Eg vil også ha ein slik på kontoret mitt, skyt rektor Inger-Anne Knutsen inn, som stolt er vert for dagen.

Gjennom heile hausten har ho og fire lærarar førebudd denne dagen. Dei har kjøpt inn alt frå 3D-printarar, VR-briller, droner og mykje meir. Sløydsalen har blitt eit paradis for skaparglade born.

- Nysgjerrighet er eit stikkord. Innovasjon, kreativitet og skaparglede er, potensielt, framtida sine økonomiske bærebjelkar – og kan bli mange elevar sitt framtidige levebrød, seier Knutsen.

Ho legg til at «Skaparverkstaden» er inspirert av den internasjonale Makerbevegelsen og MakerSpace 2087 (Byskolen i Sandefjord), og er meint å trigge nysgjerrigheit, forskartrong og skaparglede.

- Målsetninga er å legge til rette for ein arena kor eleven vert stimulert til å utforske, skape og eksperimentere.

Digitale skular

Alle elevane på skulen skal vere involvert i «Skaparverkstaden», og delta minst ein gong i veka anten i sjølve verkstaden eller i eigne klasserom.

- Faga med størst fokus er realfaga og i tillegg kunst og handtverk. Faga har felles emneområde i norske læreplanar: Teknologi og design. I tillegg foregår det også viktig omgrep- og språkutvikling på alle nivå når elevane arbeidar i «Skaparverkstaden», fortel Knutsen.

Giske-skulane ligg allereie eit hestehovud framfor mange andre kommunar kor elevane mellom anna nyttar iPad i undervisninga. Skaparverkstaden passar godt inn i kommunen si realfaglege satsing og blir sjølvsagt ein del av dette. Elevane har allereie ein del erfaring i koding, så denne kunnskapen er god å ha. No skal elevane også lære gjennom virtual reality (Virtuell verkelegheit).

- I staden for å lese om dinosaurar eller universet, kan elevane gå side om side med dinosaurar og klappe dei eller undersøke planetar ute i verdsrommet, fortel Thomas Skarmyr Olsen, ein av fire lærarar som har vore på kurs i Oslo.

Treng meir plass

Ifølgje Olsen vil virtuell verkeligheit (VR) bli eit stadig viktigare supplement til andre læremidlar og metodar. Elevane fekk prøve ut dette i vår og blei veldig begeistra, dette er framtida. Skulen har no kjøpt inn litt avanserte VR-briller og delar til ei datamaskin som elevane skal sjølv vere med å byggje.

No ønskjer rektoren seg større plass til skaparglede.

- Vi skulle gjerne hatt større plass og stor golvflate slik at elevane kan byggje og manipulere robotar på golvet. Draumen vår er å kunne leggje golv over det tomme symjebassenget vårt og bruke dette flotte lyse rommet til skaparglede, seier Knutsen.

Vil ha foreldra med

Planane videre for skulen er å involvere foreldra i skaparglede og innovasjon.

- Heim-skule-samarbeid er vesentlig. Felles forståing om mål og meining er viktig, så vi kan tenke oss på sikt å tilby kveldskurs i «Skaparverkstaden» for elevane sine foreldre, slik at dei er godt orientert om kva vi arbeidar med. På sikt ønskjer vi også å opne «Skaparverkstaden» på kveldstid slik at elevar, foreldre og besteforeldre kan utforske og skape saman, håper Knutsen.

Giske 17 - Klikk for stort bilete

Dette finn du på Skaparverstaden:

2 stk. 3D-printare, 2 stk. Makeblock Airblock – droner, klassesett av Edison V2.0– robotics for everyone med banematter, BBC Micro:bit, PC utstyr til bygging av kraftig PC, Virtual reality - 3D briller (Ococlus Rift), LEGO Education WeDo 2.0 og LEGO – Mindstorm Education.

Vil du sjå fleire bilete frå Skaparverkstaden? Du finn bilete her på vår Flickr-konto