Vaksinasjonsstatus i Giske kommune

Veldig mange har fått fyrste dose og stadig fleire er også fullvaksinerte i dei fleste aldersgrupper.

 

Legesenteret har vaksiner som går ut på dato, så det er fint viss dei som ønsker vaksine bestiller time denne veka eller neste veke. De kan også møte opp på drop-in-vaksinering på legekontoret kl 14.15 - 15.15 denne veka.

  • I aldersgruppene 55 år og oppover er over 90 % fullvaksinerte.
  • I aldersgruppa 45-54 år er 83 % fullvaksinerte, 90 % har fått fyrste dose.
  • Av dei mellom 40 og 44 år er 74 % fullvaksinerte, 85 % har fått fyrste dose.
  • 62 % av dei mellom 25 og 39 år er fullvaksinerte, 83 % har fått fyrste dose.
  • 71% av dei mellom 18 og 25 år er fullvaksinerte, 87 % har fått fyrste dose.
  • 353 barn og unge mellom 12 og 18 år har fått fyrste dose av koronavaksina.