Tetting av hól ved Alnesvegen

Kommunen blei tipsa av ein innbyggjar om eit djupt hòl ved Alnesvegen, som gjekk frå vegkanten og heilt ut mot sjøen. Vi har raskt fått orden på problemet og ved god hjelp av entreprenør Furnes Anlegg og Transport ANS er hòla no tetta med betong. Ein kan no trygt ferdast i heile breidda langs vegen, og kommunen skal følgje med på eventuell ny utvikling. Dette viser at godt lagspel lønar seg!