Karantenereglane som har vore gjeldande fram til no vil og gjelde framover til 13. april. Det betyr at alle som har vore på reise i utlandet skal ha 14 dagers karantene. Det samme gjeld personer som har hatt kontakt med koronasmitta.
Er du sjølv smitta av korona skal du i karantene. Her gjeld strenge regler som er å finne på www.fhi.no
Regjeringa strammer og inn på korleis ein bør opptre når ein er ute. Her er gruppestorleiken no sett til maks fem stykker. Ein ber og om at ein held avstand på minst ein meter både ute og inne. Unntaket er her familiegrupper.
Målet med desse tiltaka er å avgrense og helst stanse korona-smitten. I dag trur ein at kvar koronasmitta nordmann smitter 1,3 nye. Klarer ein å redusere dette til 1,0 betyr det at vi på sikt kan slå viruset tilbake.
Frå Giske kommune er rådet klart til alle våre innbyggarar: Følg råda. Ta ansvar for eiga og andres helse.
Regjeringa viderefører og forbudet om å opphalde seg på hytter i andre kommuner enn der ein er folkeregisterregistrert. Bakgrunnen er at ein ikkje har kapasitet i hyttekommunene til å takle dei helseutfordringane ekstra innbyggarar gir.