Status Giske kommune søndag 22. mars

Klikk for stort bileteDagens tema:
Du kan no melde frå om du har mistanke om du er smitta av koronavirus.
Ut på tur - og sosial distansering.

Meld frå om korona-mistanke

For å få best mogleg oversikt over korona-situasjonen har Folkehelseinstituttet no  utarbeid ei løysing der kvar enkelt kan melde frå om ein har mistanke om at ein har korona-smitte. Dette skjer gjennom nettadressa

helsenorge.no

Logg på denne sida og fyll ut det skjemaet som kjem opp. Dette er ikkje ei varsling til lege, men eit system som skal gje helsemyndigheitene betre oversikt over dagens status.

Om du sjuk og treng legehjelp er det framleis telefon 116117 som gjeld.

Status i Giske er per søndag morgen 3 registrerte smitta. Ein er og klar over at eit betydeleg  antall ikkje er registrert og testa.

 

Ut på tur

Bruk helga til turer i friskluft. Dette er viktig for både fysisk og psykisk helse. Alle treng å få røyve seg litt. Men det er viktig å ta dei hensyn som situasjonen no krev av oss.

Ikkje opptre i flokk. Folkehelseinstituttet seier maks 2-3 personer  eller berre familiegrupper. Det er og veldig bra om ein klarer å starte turen heimafrå slik at det ikkje oppstår store flokkar på parkeringsområder i tilknytting til utfartsområder.

Bruk fantasien. Oppsøk gjerne områder som ikkje vanlegvis er som folksomme. Finn på kjekke aktiviteter for dei yngste.

Husk: Det er lov å¨ha det kjekt sjølv om vi tek hensyn til korona-faren.

Sjå også https://www.fhi.no/nyheter/2020/fhi-presiserer-rad-om-sosial-distansering/