Status Giske kommune måndag 23. mars

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 Dagens tema er:
- er du sjuk, ver ærleg,
- ikkje opptre i flokk

Er du sjuk – ver ærleg

Ambulanse og helsevesen har siste tida opplevd at enkelte ikkje fortel heile sanninga om eigen helsesituasjon når dei kontakter lege. Dette er veldig ugreit.

Ingen blir nekta legehjelp sjølv om ein har symtom som kan vere samanfallande med korona-smitte. Opplys alltid korrekt om eigen tilstand når du ringer til lege. Helsearbeidarane kan då ta dei nødvendige tiltak slik at ein eventuell smitte ikkje vert ført videre.

For å få best mogleg oversikt over korona-situasjonen har Folkehelseinstituttet no utarbeid ei løysing der kvar enkelt kan melde frå om ein har mistanke om at ein har korona-smitte. Dette skjer gjennom denne nettadressa www.helsenorge.no

Logg på denne sida og fyll ut det skjemaet som kjem opp. Dette er ikkje ei varsling til lege, men eit system som skal gje helsemyndigheitene betre oversikt over dagens status.

Og du sjuk og treng legehjelp er det framleis telefon 116 117 som gjeld.
 

Ikkje opptre i flokk

Siste laurdag var ein fin vårdag. Og dessverre var det mange av oss som ikkje var flinke nok til å ta dei nødvendige tiltak for ikkje å vere moglege smitteberarar.

Dette må vi ta meir alvorleg. Folkemengden som var på Alnes var for stor. Også frå andre plassar i Giske får vi melding om at ein ikkje opplevde det som forsvarleg nok. Dette må vi alle ta lærdom av. Vi veit at mange var tilreisande som ville ta seg ein tur i vår fine natur. Denne gongen vart det for mange.

Giske kommune har vore i kontakt med politiet og det vil verte sett i gang tiltak for å hindre at dette gjentek seg.

Men for alle del. Gå ut. Gå turer. La barna leike i små grupper – og helst med dei samme kvar dag. Og legg opp turane slik at du ikkje treng bruke bil. Dei aller fleste av oss bur slik at det er mykje natur innan rimeleg gåavstand.

Smittevernet mot korona-viruset handler ikkje berre om deg.