Søknad om treningstider i Giske kommunale idrettshall (GKI) og Vigrahallen sesongen 2017 – 18

Handballhallen, Vigrahallen - Klikk for stort bilete

Lag og organisasjonar kan no søkje om tildeling av treningstid i begge dei kommunale idrettshallane. Felles søknadsfrist er 01.06.17. Eige skjema skal brukast.

Søknad GKI sendast på e-post til sven.martin.tonnessen@kystverket.no medan for Vigrahallen sendast post@vigrail.no

Det er Giske kommune som formelt tildeler tid i alle hallane, i veke og helg. Tidene gjeld for skuleåret 2017 – 18. Tidene i fotballhallen gjeld for perioden 01.11.2017 – 31.10.2018.

Publisert av Synnes Frode. Sist endra 12.05.2017

Hallen er i utgangspunktet stengd i skuleferiane, men den kan brukast dersom brukar dekkjer meirkostnadar med vask m.m., og ser til at lokala og uteområde blir rydda slik at hallen og uteområdet ser ut som det gjorde før bruk. Om brukarar ønskjer å nytte hallen utover fastsett opningstid, er det opning for dette etter nærare avtale. NB! Søkjar oppgi når de planlegg starte opp for sesongen og når de tenkjer avslutte. Dette for å sikre ei mest mogleg rasjonell drift av hallen.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Giske kommune ved Frode Elias Synnes, einingsleiar miljø og kultur, tlf 70 18 81 14 / 930 06 368, eller Vigra IL Anleggsdrift AS ved Jan Petter Meberg, dagleg leiar, tlf 916 68 010.

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering