Viktig informasjon om båndtvang

I dag er siste dagen med ordinær bandtvang og vi ser at det er behov for å minne på desse unntaka som gjeld for bandtvang utanom ordinær bandtvangstid 

 Har du hund må du vere ekstra merksam på at hundar skal haldast i band heile året i tilknyting til bustadområde, handleområde, idrettsanlegg, gravplassar og der husdyr beitar. På øya Giske og nordsida av Godøyfjellet er det bandtvang heile året. 

Dette går fram av delegeringsreglementet i Giske kommune: 

"I Giske kommune skal hundar ut over den generelle bandtvangen i perioden 1. april til og med 20. august haldast i band eller forsvarleg innestengd eller innegjerda slik det går fram av punkta nedanfor: 

  • Heile året og i tilknyting til bustadområde, handleområde, idrettsanlegg, gravplassar og der husdyr beiter. Heilårig bandtvang i utmarka/fjellsida på nordsida av Godøyfjellet mot Alnes og heile øya Giske. 
  • I tida 21. august til 20. september i dei områda i kommunen der storfe, sau og geit eller hestar beiter.
  • I område som etter lokal forskrift er regulert som naturreservat eller fuglefredingsområde er det eigne reglar som går framfor reglane i denne forskrifta.

Sjekk at det ikkje er utvida bandtvang eller heilårs bandtvang i dei områda du ynskjer å sleppe hunden din, det er du som hundeeigar som har ansvar for å sjekke reglane for ditt område.»

skilt som viser hund i bånd - Klikk for stort bilete