Smittetilfelle i Giske kommune

Ein ung mann busett i Giske har fått påvist Covid-19 etter ein test denne veka. Han kjente symptom i helga og testa seg.  Mannen er ikkje alvorlig sjuk.
 

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 

Smittevegen til mannen i Giske er ikkje kjent, men han har hatt eit opphald på  Austlandet, og det er mistanke om at smitten har oppstått der. Smittesporing er sett i verk.

Fire frå mannens husstand er sett i karantene. Ut frå konkrete vurderinger av mannens bevegelser siste dagane er det vurdert som ikkje nødvendig å sette fleire i karantene.