Smitte på omsorgsenter

 Ein bebuar på Giske omsorgsenter er smitta av korona-viruset. Den positive testen vart meldt seint fredag kveld. Dette er det andre bekrefta korona-tilfellet i Giske kommune. Helsetilstanden til den sist smitta vert karakterisert som stabil.

Giske kommune har no gjennomført nye smitteverntiltak på senteret. Heile senteret er sett i karantene medan ein forsøker å oppspore smittevegen inn til den råke bebuaren. Det er og innført skjerpa hygieneregime for tilsette og ekstra reinhald. Ein vil og avgrense kontakt mellom dei ulike avdelingane på senteret.

  • Koronasmitte på eit omsorgsenter er alvorleg og vi vil skjerpe inn ekstra reglane til alle som skal ha sitt virke både på dette og dei andre bukollektiva i kommunen, seier ordførar Harry Valderhaug.
  • Siste veka har Giske Omsorgsenter og alle dei andre bukollektiva i Giske vore stengt for besøkande. Slik vil det og verte framover og vi må handheve dette strengt. Vi har sjølvsagt stor forståing for at pårørande vil besøke sine næraste, spesielt i slike vanskelege situasjoner som no, men det er heilt avgjerande for tryggheita til alle at vi heldt stengt.

Giske Omsorgsenter er og i gang med å innrede ei eigen korona-avdeling. Denne skal vere klar mandag. Senteret ligg på Valderøy og har i dag 35 bebuarar.

Kontaktperson i Giske kommune:

  • Ordfører Harry Valderhaug tlf. 91385761
  • Kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen tlf. 98228902