Parkering ved naturområde i Giske

hewa

  Giske er eit ynda reise- og turistmål på sommartid for både familiar og grupper med badestrender, turstiar, historiske plassar og utfluktsmål. Trafikken har auka med Korona-situasjonen, så vi legg her ved ein oversikt over parkeringsplassane på øyane. Vi ber publikum om å nytte desse når dei skal bruke turterreng og gangvegar.

 

Vi minnar  om at det er restriksjonar for bruk og ferdsel i naturrreservata og verneområda for å skjerme dyre- og fugleliv og sårbare naturområde. Blant anna er camping og motorferdsel i slike område forbode. Det er difor laga ei samling av dei mest aktuelle verneforskriftene, sjå nedanfor. 

Vi ønskjer alle ein riktig god feriesommar med mange gode naturopplevingar i Giske!

 

 REGLAR FOR BRUK AV NATURRESERVAT OG VERNEOMRÅDE I GISKE*

1.      Vegetasjonen på land og i sjøen, også daude planter, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye plantearter må ikkje førast inn. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.

2.      Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyrearter må ikkje førast inn.

3.      Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.

4.      Motorferdsel på land er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.

5.      Bruk av naturreservatet til teltleirar, idrettsarrangement, jaktprøver eller andre større arrangement er forbode.

6.      Bruk av sykkel og hest utanom eksisterande vegar er forbode.

* utdrag av Forskrift om freding av Molnes naturreservat.

Vi oppfordrar besøkande å bruke parkeringsplassane på Roald for å gå bak Molnesfjellet. Der er stor parkeringsplass ved Rota fotballbane og direkte sti ut i terrenget derifrå. 

Det gjeld eigne forskrifter for kvart reservat: Sjå vedlegg .

Vedlegg:

Allemannsretten - kva er det?

Stikk Ut-turar i Giske 2021