Oversikteleg korona-situasjon

Giske kommune har i haust hatt ein god og oversikteleg korona-situasjon. Testkapasiteten er god, og gode rutiner både hos dei næringsdrivande og reisande har gjort at smittepresset er lavt.

Klikk for stort bilete   

  • Vi har heile tida fokus på risikovurdering når nye situasjoner oppstår. Dette viser seg fungerer bra. Når det gjeld situasjonen som oppstod rundt bakeriet på Roald er denne avklart. Det er ingen ekstra risiko ved å handle der, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.
  • Det som er viktig for alle er at smittevernreglane vert fulgt heile tida. Vask hender, hald avstand. Dette gjer at vi fortsatt kan ha full kontroll.