Overgang til digital søknad om vatn- og avløpsarbeid (sanitærsøknad) frå 01.01.2020

Giske kommune har gått over til digitale søknadar som gjeld vatn og avløp (sanitærsøknad).

Frå 01.01.2020 har Giske kommune gått bort frå papirsøknadar når det gjeld vatn- og avløpsarbeid. Det nye systemet er heildigitalt, og er levert av Powel. Måten det nye systemet funkar på, er at entreprenørar har tilgang til å levere søknadar med direkte skissering inn på leidningsnettet, enklare utfylling av utstyrsliste med meir. Dette skal føre til meir komplette søknadar og enklare moglegheiter for søkjaren å finne ut kva som er mogleg. Dette frigjer også ressursar i kommunen, og forenklar sakshandsaminga. Resultatet av dette skal vere mindre tid til spørsmål og korrigeringar, og raskare svar på søknadar.

For å søkje om løyve, må ein no ta kontakt med entreprenør som har blitt godkjent i systemet. Dei entreprenørar som ikkje er godkjende kan søkje om å bli dette på følgjande side: Søknad om vatn- og avløpsarbeid.

Ein entreprenør må berre bli godkjent ein gong, og har då tilgang til å søkje å både Ålesund, Sula og Giske kommune med fleire.