Overgang frå barnehage til skule

Vanlegvis på denne tida bruker førskulegruppene å dra på besøk til den skulen dei skal begynne på. Og i juni brukar det å vere ein førskuledag der dei får kome på skulen saman med foreldra sine.

Børge Sandnes  

I år er situasjonen ein anna. På grunn av Covid-19 og smittevernomsyn går førskulegruppene sine besøk til skulane ut.

Det vil bli vurdert i byrjinga av juni, om det vil bli førskuledag saman med foreldre. Viss det heller ikkje er mogleg, kjem skulane til å vurdere andre alternativ for å sikre ein god overgang til skulen i august.

Skulane vil halde kontakten med barnehagane og føresette om besøksdag kan gjennomførast før ferien.