Oppretthald smitteverntiltak mot korona

Korona-pandemien er ikkje over enno. Det er generell smitteøkning i Norge grunna ferie og auka reiseaktivitet. I tillegg kjem barna no tilbake til barnehagane og skulane etter sommarferien. Det er derfor grunn til å minne om at vi må fortsette å overhalde reglar i forhold til avstand, handhygiene og karantene.

 

Test deg ved symptom

Alle med eitt eller fleire symptom på luftvegsinfeksjon blir oppfordra til å la seg teste. Ta direkte kontakt på kommunen sin test-telefon på telefonnummer 482 08 845.

For meir informasjon om testing sjå Giske kommune sin nyheitsartikkel: https://www.giske.kommune.no/aktuelt/treng-du-testing-for-korona-virus.10951.aspx

Du finn meir informasjon om kva du skal gjere dersom du mistenker at du har koronaviruset på Folkehelseinstituttet si nettside om temaet: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/hvis_du_mistenker_at_du_er_syk_med_covid-19/

Handhygiene

God hygiene er eit viktig tiltak for å begrense smitte i befolkninga. Handhygiene er viktig for å hindre indirekte kontaktsmitte.

Vask hender:

  • før du tilbereder og spis mat
  • etter toalettbesøk 
  • ved synleg skitne hender
  • etter kontakt med kroppsvæsker
  • etter kontakt med dyr
  • når du ankommer arbeid/ barnehage/ skule
  • etter å ha vore på område der mange ferdes.

Bruk handdesinfeksjon på butikkar og kontor som har spritdispensarar.

For meir informasjon om mellom anna handvask, hand-desinfeksjon og hostevanar sjå Folkehelseinstituettet si nettside om temaet: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/renhold-og-hygiene/

Avstand

Korona smitter hovedsakleg via dråpe- og kontaktsmitte. Jo meir sannsynleg det er at du er smittsom, jo større avstand må du halde til andre. Minimum er 1 meter avstand.   

For meir informasjon om avstand, heimeisolering og karantene sjå Folkehelseinstituettet si nettside om temaet: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/avstand-karantene-og-isolering/

 

Karantene

Alle som kjem til Norge frå "raude" land, skal vere i heimekarantene i 10 dagar. Kva land/ område som er unnateken karanteneplikten, og dermed blir definert som "grønne" land, vil kunne endre seg raskt.  

 Oversikta finn du på Folkehelseinstituttet si heimeside, og den blir oppdatert minst kvar 14. dag: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/reiserad-knyttet-til-nytt-koronavirus-coronavirus/