Treng du testing for Korona-virus?

Klikk for stort bilete Etter nye retningsliner frå Helsedir. skal alle med eitt eller fleire symptom på ny luftvegsinfeksjon få tilbod om testing.

Du treng ikkje lenger kontakte fastlege først: Kontakt kommunen sin test-telefon (sjå nedanfor) om du har symptom som feber, hoste, er tungpusta, kjenner tap av smak- eller luktesans, sår hals eller generell sykdomskjensle. Nokre kan og oppleve magesmerter eller diarè.

Giske kommune har no fleire mulegheiter for den som ønskjer å teste seg:  Ta kontakt på vakttelefon 482 05 845 kl. 08.00 - 15.00, eller fastlege tlf. 70 18 85 00 for å avtale tid og stad.

Du får raskast tilbakemelding om resultatet ved å logge deg inn på www.helsenorge.no.

MERK: Barn under 10 år kan godt se an utviklinga heime eit par dagar først, og barn som berre har rennande nase treng ikkje haldast heime eller testast.

Etter testing:

  • Ved positivt resultat skal den testa i isolat heime eller i egna bustad om ein ikkje kan vere heime. Du vert fulgt opp av kommunen.
  • Ved negativt resultat skal den testa halde seg heime til ein er utan symptomar.

 

Klikk for stort bilete