Nye Giske ungdomsskule

Formannskapet godkjente vidare arbeid og framdrift for Nye Giske ungdomsskule i torsdagens møte. 

Klikk for stort bilete   

Styringsruppa har hatt møte 16.04 og 28.04 med gjennomgang av status i  prosjektgruppene. Innkomne anbod vart gjennomgått i møtet 28.04. Styringsgruppa gav innstilling til formannskapet om å godkjenne igongsetjing av arbeidet. Det er ein føresetnad for oppsett av modulbygg og planlagt omfang av ombygging ved Godøy skule at prosjektramma vert utvida med 2 million.

Formannskapet har i møte 6.mai godkjent at kontraktar vert inngått og ramma for prosjektet vart utvida. Dette inneber at arbeidet no blir sett i gong. Nye Giske ungdomsskule vil dermed vere klar til skulestart i august 2021. Ved Godøy skule skal tilrettelegging og ombygging vere ferdig seinast 20.oktober.

Prosjektgruppe for bygning og uteareal Godøy skule (1-7):

Klasse 1-4 blir på Alnes til ombygging og tilrettelegging er ferdig. Entreprenørane vil i tida framover planlegge gjennomføring av arbeidet i samarbeid med prosjektleiar for bygg og rektor ved Godøy skule. Formannskapet vedtok også at det skal utarbeidast planar for uteområdet ved Godøy skule. Ekstra tiltak skal gjennomførast til flyttinga skjer i oktober, og ein samla plan skal handsamast av kommunestyret og ferdigstillast til starten av skuleåret 2022.

Prosjektgruppe for bygning Giske ungdomsskule:

Det vert sett opp modulbygg på sørsida av Valderøy ungdomsskule. Dette bygget vil innehalde klasserom, grupperom, gang og toalett for fire klassar. Eitt samla klassesteg vil ha tilhald der. I anbodsutlysinga låg det også inne mulegheit for ein femte del, som kunne gi rom for eit ekstra vrimleareal. Ei utviding av skulen sitt vrimleareal var nødvendig for utvidinga, men det var vanskeleg å få plass til denne ekstra modulen innanfor rammene. Gjennom dialog med skulen har ein kome fram til eit alternativ for å etablere ekstra vrimleareal. Det skjer ved omdisponering av areal i bibliotekdelen. Ved flytting av arbeidsrom for lærarar kan ein her etablere eit ekstra vrimleareal.  Det vil også bli gjort andre interne omdisponeringar av rom for å få til best muleg utnytting av samla areal. Dette er drøftingar som vil bli fullført no når gjennomføringa av strukturendringa er endeleg vedtatt i formannskapet.

Prosjektgruppe for utvikling av ein felles Giske ungdomsskule:

Det vart 20.04 gjennomført heildagssamling for personalet ved nye Giske ungdomsskule. Her fekk ein sett saman dei nye klassene på neste års 8. og 9.trinn. 10.klasse fullfører siste året utan blanding av klasser. Lærarteam er sett saman og kontaktlærarar er fordelt på dei nye klassene.

I tillegg var det under samlinga arbeidd med temaplanlegging for neste skuleår. Det var gjennomgang og drøfting av korleis ein best kan utnytte den samla bygningsmassen, inkludert modulbygget som skal setjast opp på sørsida av skulen.

Det vart også arbeidd vidare med planlegging av felles skuledagar før sommarferien for elevane i nye Giske ungdomsskule.

Det var planlagt å gå vidare med desse sakene under ny fellessamling i slutten av april.  På grunn av smitterestriksjonar vart denne utsett, og ny samling vil bli gjennomført i mai.

I neste periode :

  • Anleggsarbeidet for modulbygg på sørsida av Valderøy ungdomsskule vil bli sett i gong.
  • Planlegging av framdrifta av arbeidet ved Godøy skule.
  • Starte planarbeid for uteområdet ved Godøy skule.
  • Heildagssamling 20.mai for personalet ved nye  Giske ungdomsskule
  • Det vil i juni bli gjennomført bli-kjent dag for kvart av dei nye klassestega i den nye ungdomsskulen.