Ny, nasjonal helseundersøking

 Innbyggarane i Møre og Romsdal vert inviterte til å delta i ei ny, nasjonal undersøking om helse og sjukdom. Frå 5. oktober vil tilfeldig utvalde personar få ei kort spørjeundersøking på SMS å svare på.

Noreg ønskjer å redusere for tidlig død av ikkje-smittsame sjukdommar med 30% innan 2030, og data frå ei ny undersøking vil gjere at helsemyndigheitene kan følgje med på utviklinga av sjukdomane kreft, kols, diabetes og hjerte- og karsjukdommar.
- Livsstilsfaktorar som vekt, kosthald, fysiske aktivitet og alkohol-/ tobakksbruk er såkalla helseindikatorar som kan seie noko om korleis framtidig helse vert, seier professor Inger Torhild Gram ved Nasjonalt senter for helseforskning. 
- Denne undersøkinga vert gjort ved hjelp av mobilen, og gje myndigheitene viktig informasjon på ein enkel måte så dei kan setje i verk tiltak som betrar folkehelsa, seier professoren.