Ny beredskapskoordinator i Giske kommune

Henrik Wang har valt å gå av med pensjon før jul. Han har vore beredskapskoordinator for Giske kommune i mange år. No tar Cecilie Holen over.

Klikk for stort bilete 

Cecilie tar over som beredskapskoordinator i Giske kommune 1. september 2020.

Cecilie har vore med i beredskapsgruppa i kommunen sidan midten av mars. Det har dermed vore ein god periode med overlapping mellom Henrik Wang og Cecilie Holen. Cecilie er også i gang med kursing gjennom DSB (Direktoratet for Sikkerhet og Beredskap).

Om nokon har spørsmål om beredskapen i kommunen kan dei henvende seg til Cecilie på telefonnummer 970 54 311.