Ny beredskapskoordinator i Giske kommune
Henrik Wang har valt å gå av med pensjon før jul. Han har vore beredskapskoordinator for Giske kommune i mange år. No tar Cecilie Holen over.
Cecilie tar over som beredskapskoordinator i Giske kommune 1. september 2020.
Cecilie har vore med i beredskapsgruppa i kommunen sidan midten av mars. Det har dermed vore ein god periode med overlapping mellom Henrik Wang og Cecilie Holen. Cecilie er også i gang med kursing gjennom DSB (Direktoratet for Sikkerhet og Beredskap).
Om nokon har spørsmål om beredskapen i kommunen kan dei henvende seg til Cecilie på telefonnummer 970 54 311.
Publisert 31.08.2020 14.51