Marianne Stokkereit Aasen tilsett som rådmann

Marianne Stokkereit Aasen (51) vart tilsett som ny rådmann i Giske kommune 29. november 2018 av kommunestyret.

- vi har hatt ein grundig prosess med ekstern rådgjevar, politikarar og tillitsvalde som har vore involverte. Søkjarmassa har vore god, og vi har hatt fleire godt kvalifiserte kandidatar, og utvalet fall til slutt på Marianne Stokkereit Aasen, seier Harry Valderhaug, ordførar og leiar av tilsettingsutvalet.

Marianne Stokkereite har brei leiarerfaring frå offentlege verksemder. Ho er utdanna ingeniør og har i tillegg økonomi og leiarutdanning. Ho er opprinneleg frå Ålesund (Spjelkavik) i Møre og Romsdal, men har vore busett store delar av livet på Austlandet og på Svalbard. Ho flyttar tilbake til Ålesund på nyåret.

- dette er ein viktig og spanande jobb i ein kommune med mulegheit for vekst og utvikling. Eg ønskjer å bidra i dette arbeidet, og er glad for å bli tilsett, seier Marianne Stokkereit Aasen.