Minner om frist for pandemiråka bedrifter

Søknadsfristen er 1. september 2021. Giske kommune har fått meir pengar til fordeling til pandemiråka verksemder i kommunen.
 

Kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete

 

I tildelinga av tredje del av tilskotet kommunal kompensasjonsordning får Giske kommune 415.000 kroner til fordeling. Tildelingskriteria er dei same som ved dei to tidlegare tildelingane. Det er opna opp for innsending av søknader via Regionalforvaltning.no. Søknadsfrist er sett til 1. september 2021.

I februar fekk Giske kommune først 780.000 kroner til fordeling, og i april ytterlegare 692.000 kroner til bedrifter eller verksemder som er hardt råka av pandemien.

Tildelingskriterier for Ventil-midlar: 

  • Lokale verksemder innanfor reiselivs -, arrangements – og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
  • Lokale verksemder som har hatt kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging
  • Søkjar skal legge ved eit søknadsbrev/tekst og ikkje berre rekneskap og kvitteringar.
  • Verksemda må vere registrert i Brønnøysund. Søknad med nødvendige opplysningar og vedlegg skal sendast inn via lenka www.regionalforvaltning.no.

Søknadsfrist 1. september 2021