Innsyn faktura

Vil du sjekke fakturaene dine frå Giske kommune eller søke utsetjing av ei rekning? Då kan du gjere det enkelt sjølv.

Som innbyggjar i Giske kommune kan du enkelt få innsyn i eigne fakturaer. Ved å gå inn på heimesida Giske.kommune.no og velje «Mi side», kan du logge inn via id porten og sjå faktura frå 2017 og fram til i dag på Innsyn Faktura.

Har du faktura som ikkje er forfalt, kan du søke betalingsutsetting i 15 dagar frå opprinneleg forfallsdato. For  å få utsett betaling er beløpsgrensa maksimalt kr 10 000 på ubetalte fakturaer. Ein kan ikkje ha fleire enn 3 ubetalte fakturaer og maksimalt 3 utsettingar i løpet av dei 6 siste månadene. Det kan ikkje søkast betalingsutsetting på faktura som allereie er forfalt.

Dersom du søker utsetting, vil renter bli lagt til som normalt frå opprinneleg forfallsdato.