Høyring av to nye vegnamn på Vigra – Roald

Namnenemda (Teknisk utval) vedtok i møte den 10.09.2020, sak 20/1237, to nye vegnamn på Roald – Vigra. Samstundes omlegging av eksisterande vegnamn Leiren til planlagd veg som vist på kart merka med veg 2.

Veg 1 – Ranskarrema
Veg 2 – Leiren (omlegging av eksisterande veg Leiren til regulert veg)
Veg 3 – Langenesvegen

Vegnamna blir lagt ut til offentleg høyring via Øyblikk, facebook og www.giske.kommune.no. Høyringsfristen er seks veker frå kunngjeringsdato.
Vi ber om at eventuelle innspel (merk med jnr. 20/1237) blir sendt til post@giske.kommune.no eller til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya, innan fristen.

Teknisk utval gjer endeleg vedtak av namna når høyringsfristen er ute.

Klikk for stort bilete