Heimeskule for ungdomsskuleelevar

Det er meldt ekstremvêr i morgon, onsdag 11.og torsdag 12. januar. Det er difor bestemt at alle ungdomsskuleelevar skal ha heimeskule. 

Giske ungdomsskule. 

Meteorologisk institutt og vegtrafikksentralen ber folk halde seg heime om dei kan. For vårt område handlar det om regn og sterke vindkast, noko som kan føre til periodevis stenging av Giskebrua.

Etter drøfting i beredskapsleiinga i Giske kommune og med statsforvaltar er det difor bestemt at ungdomstrinnet skal ha heimeskule i morgon, onsdag. Det blir også vurdert heimeskule torsdag.

Varsel om regn 
Varsel for Møre og Romsdal
Nivå: Raudt - ekstremt mykje regn 
Gyldig frå 12.01.2022 kl. 13.00 
Sjå varsom.no for meir informasjon 

Varsel om flaum- og jordskred
Varsel for store deler av Sør- og Midt-Norge
Nivå: Raudt 
Gyldig frå 12.01.2022 kl. 07.00 
Sjå varsom.no for meir informasjon