Grunnlag for eigedomsskatt 2018

Som grunnlag for eigedomsskatt nyttar Giske kommune bustadverdier oppgitt frå skatteetaten.

Bustadverdien er basert på skatteetatens likningsverdi, og vert berekna ved hjelp av modell frå SSB som nyttar prisar på solgte bustader for å estimere verdier for bustader i same område.

Oppdatert kvart år

Modellen for estimering av bustadverdi vert oppdatert kvart år med nye bustadsalg for siste år, men den vert justert minst kvar 10. år med hensyn til inndeling i prissoner.

I Møre og Romsdal er dei 36 kommunane gruppert i 7 prissoner i fallande prisnivå.

I 2016 var modellen justert, og Giske vart då flytta opp ei prissone basert på kommunens gjenomsnittlege kvadratmeterpris i perioden 2010 – 2014.

Sone 3

Giske kommune vart då plassert i prissone 3 saman med bl.a. med Skodje og Sula.

Ei endring frå sone 4 til sone 3 i inntektsåret 2016 gir ei auke i likningsverdiane for bustader i Giske kommune, og det igjen har innverknad på berekning av eigedomsskatt.

Modellen og inndeling i prissoner er beskrevet i dette notatet: SSB

Eksempel på utrekning

Likningsverdi frå sjølvmeldinga 2016 - Kr. 700.000
Bustadverdi (formuesgrunnlag) Kr.    700.000 x 4 Kr. 2.800.000
Grunnlag for eigedomsskatt Kr. 2.800.000 x 0,80 Kr. 2.240.000
Berekna eigedomsskatt for 2018 Kr. 2.240.000 x 2 ‰ Kr.        4.480