Giske på 25. plass i Kommune-NM

 Giske kommune kjem på 25. plass - opp frå 30. plass i fjor - og er blant dei høgast plasserte kommunane i NHO sitt Kommune-NM for 2020 der dei rangerar alle 422 kommunane i Noreg etter attraktivitet og vekstkraft. I Møre og Romsdal kjem Giske på 3. plass etter Ulstein og Ålesund.

I Kommune-NM med siste tala frå 2019 (2018-tal i parentes) nyttar NHO statistikk frå næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommunal økonomi. Eit samandrag viser slik oversikt:

Næringsliv:

Vekstkrafta i privat næringsliv vert målt med tal for verdiskaping, nyetableringar og sysselsetting. Sterk privat kjøpekraft er også positiv drivkraft for næringslivet.

Giske ligg på 3. (4) plass i Møre og Romsdal og er nr. 11 (18) i landet. Det er kommunen sitt høge kjøp av private tenester på 14,7% som slår spesielt ut med 7. plass i landsmålestokk samt høgt inntektsnivå i det private næringslivet.

Arbeidsmarknad:

Høg deltaking i arbeidslivet er viktig drivkraft for vekst og verdiskaping. Om stor del av den yrkesaktive befolkninga mottek permanent stønad som uføretrygd vil dette indikere låg ressursutnytting. Høg grad av pendling på tvers av kommunegrensene indikerar fleksibelt arbeidsmarknad. 

Giske er nr. 9 (15) i fylket, og nr. 120 (124) i landet. Det er låg arbeidsløyse og få uføre i kommunen. 2.265 personar pendlar ut og 670 personar inn i kommunen, jf. Fylkesstatistikk 2019

Demografi:

Kommunar med folketalsvekst er betre skodd for framtida enn fråflyttingskommunar med stor del eldre. 

Giske er nr. 3 (4) i fylket og på 43. (46) plass i landet. Det er særleg folketalsveksten og andelen unge som trekk opp.

Kompetanse:

Viktige faktorar for kvaliteten i kommunen sitt tenestetilbod og for næringslivet si konkurranseevne er høg del faglærte og tilsette med høgare utdanning.

Giske ligg her på 16. (16) plass i fylket og 167.(174) plass i landet. Det er dei med teknisk og naturvitskapleg utdanning som slår positivt ut, der vi er nr. 6 i fylket.

Kommuneøkonomi:

Låge kommunale admin.utgifter, høge inntekter samanlikna med utgifter og høgt nivå på arbeidskapital indikerar effektiv drift og god økonomistyring. Eigedomsskatt på næringseigedom kan verke negativt på næringslivet si konkurranseevne. Kjøp av private tenester styrkar privat næringsutvikling.

Giske kommune ligg på 1. (2.) plass i fylket og 30. (34.) plass i Noreg. Det er særleg låge administrasjonsutgifter og ung befolkning som slår positivt ut.

Sjå tala for heile Kommune-NM her.