Endringar i den kommunale kontantstønaden

Klikk for stort bilete  Giske kommune innførte frå hausten 2013 ei ordning om kommunal kontantstønad. I kommunestyresak 34/20 den 07.05.2020 blei det gjort endringar i vedtektene.

  • Perioden for kontantstønad må vere på seks månadar eller meir. Dersom perioden blir avbroten, må utbetalt stønad tilbakebetalast, Dette gjeld etter 01.08.2020
  • Stønaden blir gitt frå månaden etter at søknaden er motteke
  • Perioden for kommunal kontantstønad gjeld born i alderen 24 mnd – 33 mnd
  • Sats for kommunal kontantstønad er kr 4 000,- per månad
  • Det blir ikkje gitt kommunal kontantstønad for born som har plass i barnehage på

    telledatoar for tilskot til private barnehagar (15.08. og 15.12).