Digitalt formannskapsmøte i Giske

Klikk for stort bilete Giske formannskap hadde i dag sitt første digitale møte, med bakgrunn i at ein i størst muleg grad skal unngå møteverksemd, og at det er opna for fjernmøte i regelverket. Formannskapet fekk soleis gjennomført møtet som vart utsett på ubestemt tid 3. mars.

Av saker som vart behandla kan vi nemne:

  • Gjøsund hamn - prosjekt utdjuping og deponi
  • Handlings- og økonomiplan - budsjett 2019
  • Investeringsbudsjett 2020
  • Oppdatering av selskapsavtale for Interkommunalt arkiv
  • Partneravtale om regionalt partnerskap med ÅKP AS
  • Prinsipp for eigarskapsmelding

Heile sakslista med saksdokument ligg på nett:

https://www.giske.kommune.no/innsyn.aspx?response=mote&moteid=2133&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=1040&