Bedre service om du bookar møte med din saksbehandlar.

 Saksbehandlarane på rådhuset er ofte ute på oppdrag eller opptatt med internoppgåver som gjer at dei ikkje kan ta imot besøkande: For at du  skal vere sikker på at saksbehandlaren er til stades og kan førebu seg på di sak, bør du på førehand avtale møtetid med saksbehandlaren. Er du ikkje sikker på kven du skal snakke med, hør med servicekontoret på tlf. 70 18 80 00.

Når du kjem til rådhuset skal du registrere deg ("Sjekk inn")på den nye besøksskjermen i resepsjonen: Då får saksbehandlaren automatisk beskjed, og du vert henta eller får beskjed på din mobiltlf. om å gå til det kontoret du skal besøke.

Vi håper dette gjer det enklare for deg som ønskjer ei samtale med saksbehandlar, og det gjer det enklare for oss å gje betre service til innbyggarane.

Velkomen!

Sjå tidligare sak om besøksskjermen og korleis den fungerer