650.000 til psykisk helse og rus-tenesta

Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar Meistring og Psykisk helse, er svært glad for dei ekstra midlane eininga har fått. Det vil vere med på å styrke dette viktige arbeidet.

Therese 

Statsforvaltaren i Møre og romsdal har gitt tilskotet på 650.000 kroner til ein stillingsressurs på grunn av stor pågang til tenestene i  2021.

Pengane vil gjere det mogleg å hjelpe fleire som har behov innan psykisk helse. Tilskotet skal vere med på å bidra til smittevernfagleg trygg drift av tenestetilbodet til personar med rus – og eller psykiske helseproblem i samband med koronapandemien.