Vurdering av arealinnspel til kommuneplanarbeidet
Den 15. desember 2025 og 19. januar 2026 fekk Formannskapet framlagt alle inkomne arealinnspel etter oppstart av arbeid med kommuneplanen sin arealdel og høyringa av planporgrammet. I tillegg blei det lagt fram arealinnspel frå administrasjonen og arbeidet med “planvask” og natursats. Innspel som Formannskapet vedtok å ta vidare i arbeidet kjem fram av kartoversikta som er lenka til her: giskekommune.github.io/Resultat_arealinnspel_formannskapet/.
Det vart og vedtatt at innspel knytt til VA- og vegformål skal leggast til grunn for vidare arbeid med arealdelen: Arealbehov (avløpsanlegg)
Møtedokumenta finn du her: Møtekalender - Hovedportal (sak 123/25) og her: Møtekalender - Hovedportal (sak 005/26)
Andre innspel enn endringer i arealformål vil bli behandla på eit seinare tidspunkt. Innspel i området på Gjøsund er utsatt til januar.
Innspela går no vidare til KU (konsekvensutgreiing) og ROS (risiko- og sårbarheitsanalyse).
Neste steg i prosessen er utarbeiding av planforslag. Når kommunen har laga ferdig planforslag og vedtatt høyring av planforslag, vil dette leggast ut på høyring og offentleg ettersyn. Det vil då bli annonsert kommunen sine plattformer og i avis. I høyringsperioda tek kommunen imot innspel.
Sist endra 27.01.2026 15.07