Kvifor gjennomfører kommunen en planvask?
Fleire reguleringsplanar i kommunen er gamle og ikkje i tråd med dagens kunnskap, lovverk og nasjonale føringar og kommunen sine strategiar.
Kommunen må vurdere om tidlegare vedtatt arealbruk framleis er hensiktsmessig. Dette gjeld mellom anna av omsyn til klima, natur, jordvern, kulturmiljø og samfunnssikkerheit.
Status og vidare prosess:
Kommunen har gjort ein gjennomgang av alle reguleringsplanar og har identifisert 36 planar der det er behov for revidering eller oppheving. Planane er lagt fram for Teknisk utval den 28.05.2026, saknr 019/26 og det er vedtatt oppstart av planvask. Vedtaket betyr at kommunen kan gå vidare med varsling av endring/oppheving.
Neste steg i prosessen er varsling om arbeidet. Slik varsling vil bli gjort på kommunen sine nettsider, og i Øyblikk. I tillegg blir grunneigarar og andre som endringane direkte gjeld informert.
Ved varsling vil det bli gitt informasjon om korleis du kan gi tilbakemelding til arbeidet, og frist for dette.
Innsyn i arbeidet med planvask:
Det er utarbeidd ei kartløysing der du kan sjå alle planar som kommunen har vedtatt oppstart av endring/oppheving. Kartløysinga finn du HER.
I tillegg er det utarbeidd eit samledokument der du finn oversikt over planane med informasjon om:
Kort grunngjeving for kvifor kommunen vurderer å oppheve eller endre planen
Informasjon om status for planarbeidet, her under om det er sendt ut varsel med frist for uttale om planarbeidet.
Lenkje til plandokument til reguleringsplanen, og planområdet i kommunen si kartløysing.
Samledokumentet finn du her:
Samledokument med oversikt over planar for planvask - til NETTSIDE.xlsx (XLSX, 35 kB)
Endringar i kommuneplanen sin arealdel:
Dei fleste av planane som kommune har vedtatt planoppstart for ligg i område der kommunen vurderer å endre formål i kommuneplanen sin arealdel. For desse planane blir vidare arbeid med planvask utsett til ny arealdel er vedtatt. Det vil altså ikkje bli sendt ut varsling om endring eller oppheving av desse planane før ny arealdel er vedtatt.
For desse områda bør du komme med eventuelle merknadar i samband med høyring av kommuneplanen sin arealdel. Informasjon om status for dette arbeidet finn du HER.
Merk at grunneigarar normalt ikkje blir varsla direkte om endringar i kommuneplanen sin arealdel. Det er difor viktig at du som har interesser i desse områda, følgjer med. Når forslag til ny kommuneplan blir sendt på høyring vil det bli varsla via kommunen sine nettsider, i Øyblikk og på Facebook.
Tilbakemeldingar:
Giske kommune ønsker at tilbakemeldingar til enkeltplanar kjem i samband med varsling av den enkelte planen. For informasjon om status for kvar enkelt plan, sjå kartløysing.
Dersom du har generelle tilbakemeldingar til arbeidet med planvasken, eller spørsmål til prosessen, kan du sende dette til postmottak@giske.kommune.no.