Vatningsrestriksjon i Giske kommune

19. juni innførte Giske kommune vatningsrestriksjonar. Det er no berre lov å vatne med kanne og handholdt hageslange. 

Restriksjonane gjeld inntil vidare, og kjem som følgje av ei stor auke i vassforbruk i det varme været. Produksjonen av vatn går som normalt, men det vis seg at forbruket har vore sterkt stigande dei siste dagane. Så stort som forbruket er no, så kan vi ende opp med dårlegare trykk i vassleidningane. Dette kan føre til ureining i vassforsyninga som følgje av innsug, og kan vere kritisk dersom det oppstår brann og vi ikkje kan forsyne nok mengde og trykk til brannmannskapet. 

Slik kan du vatne

Vi oppfordrar til å nytte så lite vatn som mogleg til vatning. 

Det er lov å nytte:

  • Kanne
  • Handholdt hageslange

Det er ikkje lov å nytte:

  • Vatning med fast spreiar
  • Vatning med ubetjent slange
  • Vatning med dryppvatningsanlegg

Generell dispensasjon gjelder for:

  • Nye grasplenar som er sådd eller rulla ut før 19. juni
  • Idrettsanlegg
  • Anleggsgartnere og kommunale parkanlegg
  • Husvask før maling
  • Oppfylling av (små) badebasseng

Les gjerne tips og råd om effektiv vatning frå Norsk Vann:

https://www.norskvann.no/images/torilh/toril_pdf/Rd_om_hagevanning.pdf