Vaksine mot lungebetennelse
Alle over 65 år er tilrådd å vaksinere seg mot lungebetennelse. Personar med ulike kroniske sjukdomar er også tilrådd vaksine.
Meir informasjon om dette finn du her:
Pneumokokkvaksine - Helsenorge
Som ein del av Vaksenvaksinasjonsprogrammet får personar tilbod om vaksine mot lungebetennelse til redusert pris det året dei fyller 65 år. Dette gjeld no alle som er fødde i 1660 og 1961.
Alle som er eldre enn dette er framleis tilrådd å vaksinere seg, men må dekke kostnaden sjølve. Kommunen tilbyr vaksinering med Prevenar 20 på vaksinedagane 10. og 30. november 2026.
Dette er den same som er tatt inn i Vaksenvaksinasjonsprogrammet.Prevenar 20 gir langvarig beskyttelse mot dei vanlegaste infeksjonane som gir lungebetennelse. Det er ikkje behov for å vaksinere seg fleire gonger. Personar som tidlegare har fått Pneumovax eller liknande kan få Prevenar 20 tidlegast 5 år etter førre vaksinering.
Pris for vaksinering mot lungebetennelse:
Prevenar 20 kostar 980 kroner, dette inkluderer pris for sjølve vaksina og vaksineringa.
Personar fødde i 1960 og 1961 betaler 110 kroner. Ved samvaksinering med influensavaksina blir prisen 85 kroner for denne gruppa.
Sist endra 02.11.2026 13.28