UKM Giske 2024 - 16. mars

Årets UKM Giske brakar laust på Valderøy barneskule 16. mars kl. 1600.

No kan du melde deg på!

Kven: Alle i skulealder til og med 19 år.

Med kva?: Song, dans, spele instrument, stand-up, band, solist, konferansier, maleri, teikning, podcast, kortfilm, cosplay, skulpturar, make-up, foto, triks med bordtennisball - RETT OG SLETT KVA SOM HELST!

Og har du ikkje lyst til å vise fram noko på scena, så kan du melde deg som arrangør og hjelpe til med loddsalg, billettsalg, kiosk, backstage og mykje meir!

Gå inn på UKM Giske si påmelding innan 1. mars: www.ukm.no/giske

Tradisjon tru er UKM Giske eit samarbeid mellom Giske kommune, Vigra og Valderøy skulekorps og Lyd og lys Valderøya.