To barn smitta

To barn i Giske kommune vart seint torsdag kveld testa positive for covid-19.
 

Illustrasjon fleire koronavirus på blå bakgrunn. - Klikk for stort bilete

 

Begge høyrer heime i ei familie der foreldra tidlegare er corona-smitta. Eit tredje barn avla negativ test.

Kommunen er no i gang med svært omfattande smittesporing knytt til skulen og barnehagen dei to med positiv test er knytta til.

Skulen det tredje barnet går på, Godøy skule, er ikkje lenger omfatta av karantene.

Ingen av dei smitta er alvorleg sjuke. Dei har milde eller ingen symptom. 

Det vert gjennomført testar av alle nærkontakter til dei smitta i løpet av dagen. Desse vert kalla inn direkte.

  • Vi ser at det i dag vert stort press på testkapasiteten vår og smittesporing og vi ber om forståing for at vi i dag må prioritere nærkontaktane til dette smitteutbrotet, seier kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen.